Førebudde: - Om FHI og andre fagmynde tilrår det, må vi nok førebu oss på noko skjerpa smittevernstiltak den komande perioden, seier Christian Fotland.

Bjørnafjorden skal i møte om eventuelle tiltak kl 13

Som følgje av smitteutbrotet på Askøy, skal kommuneleiinga i Bjørnafjorden i møte for å drøfta ei ny regional forskrift.

Statsforvaltaren har kalt inn kommunane i bergensregionen til eit møte søndag for å drøfta behovet for å innføra ei regional forskrift for å slå ned smitteutbrotet som særleg har råka Askøy dei siste dagane. Det opplyser kommunen i ei pressemelding.

– Eg skjøner at det kan vera vanskeleg å forstå at vi i Bjørnafjorden kommune skal vera med på å slå ned smitteutbrotet på Askøy når vi har hatt så få smitta som vi har dei siste vekene. Samstundes så er det viktig å hugsa på at dette er ei svært smittsamt virus og at det er lett å «dra det med seg heim» om vi ikkje avgrenser reiseaktiviteten på tvers av bergensregionen, seier kommunedirektør og leiar i den kommunale kriseleiinga, Christian F. Fotland, i pressemeldinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kommunen er kalla inn til eit koordineringsmøte med dei andre kommunane i regionen, FHI og statsforvaltaren.

– Så får vi sjå kva som blir konklusjonen. Om FHI og andre fagmynde tilrår det, må vi nok førebu oss på noko skjerpa smittevernstiltak den komande perioden. Vi vil koma tilbake med meir informasjon etter møtet, kommenterer Fotland.

Møtet mellom kommunane er planlagt til kl 13 søndag.