Siv Søgnen, Oddne Bjørnør, Hege Bjørnør og Terje Eikeland gledde seg storveges til kvelden og var optimistiske.
Siv Søgnen, Oddne Bjørnør, Hege Bjørnør og Terje Eikeland gledde seg storveges til kvelden og var optimistiske.

Bjørnafjorden SV er optimistiske: Drøymer om 800 stemmer

I 2015 var dei på valvake i Bergen. I år håpar SV-arane i Os og Fusa at stemninga blir best på Øyro.

– Det sa vel litt om forhåpningane då me reiste til Bergen for valvaka i 2015. I år er stemninga meir positiv, og me føler verkeleg at me har grunn til å vera på Øyro, seier Hege Bjørnør i SV.

I 2015 fekk dei 1,7 prosent av stemmene. På dei siste målingane har partiet lagt på opp mot 3 prosent.

Artikkelen held fram under annonsen.

Totalt 35 SV-arar var venta i andre høgda i Kløvertun denne kvelden.

– I tillegg kjem eit par stykk frå Raudt til å vera med oss, seier Bjørnør.

Drøymer om 800 stemmer

Os & Fusaposten treffer dei fire første som har teke turen til valvakelokalet i Kløvertun kring halv sju. Stemninga er svært så munter og optimistisk.

– Me har vel hatt eitt mandat inne i kommunestyret på alle dei siste målingane, så det lover jo veldig bra, seier Heges son og parti-kollega, Oddne Bjørnør.

– Men de drøymer kanskje om fleire?

– Om det går verkeleg bra og me får kring 4 prosent av stemmene, det vil seia kring 800, då får me to mandat inn i det nye kommunestyret. Det hadde vore kjempekjekt, seier Hege.

– Det hadde det, men det skal kanskje halda litt hardt, seier Oddne.

– No må ikkje du vera negativ før det heile startar, ler Hege.

Artikkelen held fram under annonsen.

kenneth.svenningsen@osogfusa.no