Hege Bjørnør er det einaste lokale namnet på SV si liste. (Arkivfoto)
Hege Bjørnør er det einaste lokale namnet på SV si liste. (Arkivfoto)

Bjørnør på 20. plass

Hege Bjørnør frå Os er på 20. plass på Hordaland SV si liste til Stortingsvalet i 2017.

Hordaland SV sin nominasjonskomité har lagt fram eit forslag til stortingsliste, og SV-leiar Audun Bjørlo Lysbakken er nok ein gong innstilt som nummer éin.

-Det er stas å verta nominert på topp, og dersom medlemene i Hordaland SV støttar innstillinga, er eg klar for fire nye år med innsats for fylket og partiet, seier Lysbakken i ei pressemelding.

Artikkelen held fram under annonsen.

SV-leiaren vert etterfølgt av Gina Knutson Barstad frå Bergen, Symphorien Pombe frå Sund, Anna Sofie Ekeland Valvatne frå Stord og Andreas Sjalg Unneland frå Fjell. Den einaste osingen på lista finn vi på 20. plass. Hege Bjørnør er leiar i Os SV.

- Vi er veldig nøgd med lista som no vert sendt ut på høyring. Vi meiner dette er ei sterk liste for SV, seier leiar av nominasjonskomiteen, Kjartan Haugsnes, i pressemeldinga.

Endeleg val skjer på Hordaland SV sitt nominasjonsmøte, 12. februar.