Nytt forsøk: Salet gjekk litt trått laurdag, fortel søstrene Jenny Madelen (26) og Line Viola Øygard (36). Men kort tid før dei var ferdige og skulle pakka saman, fekk dei beskjed om at bruktmarknaden kunne vera open på søndagen også.

Blei ikkje ferdige med å leggja fram kleda før dagen var omme: Så kom gladmeldinga

Fleire rom blei tekne i bruk for å få plass til alle som ønskte å selja klede og andre ting på bruktmarknaden i Fjorden Arena.

— Korleis har det gått i dag?

— Det har gått greitt, men eg er framleis ikkje heilt i mål med å leggja alt fram og setja på prislappar, men eg ser på klokka at eg berre må gje meg no, seier Line Viola Øygard (36).

Artikkelen held fram under annonsen.

Laurdag var det open hall i Fjorden Arena. Samstundes var det bruktmarknad i 2. etasje.

Før helga snakka avisa med søstrene Øygard, som såg fram til laurdagen, og som sette pris på initiativet frå Eikelandsfjorden Idrettslag.

Jenny Madelen Øygard (26) fortel at salet gjekk noko trått.

— Det var ein del innom heilt i starten, men då var vi berre så vidt i gang med å finna fram alt vi ville selja. Så har det etter kvart vore litt færre innom, seier ho.

Mange som selde: Det var fleire som stilte opp for å selja brukte klede og andre ting. Fleire rom blei tekne i bruk for å få plass til alle.

Stor jobb med å rigga seg til

Storesøster Line Viola, hadde fått seld litt barneklede. Ho gjekk rundt i ein kjole, som ho hadde lyst til å kjøpa.

— Det er faktisk min, seier Jenny og ler.

— Vi kjøper av kvarandre, seier Line Viola.

Dei to såg likevel ut til å gå litt i pluss. Det var ein stor jobb med å bera alt inn, og få lagt det fram. Jenny meinte at det hadde vore fint om bruktmarknaden kunne vera open på søndagen også.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det er Black Week denne veka, og dette er den første dagen folk har fri. Eg vil tru at det er ein del som er ute og handlar. Det er også fotball-VM på fjernsynet, har eg fått høyra. Kanskje er det fleire som har ledig tid i morgon, meiner ho.

Kjøpte av kvarandre: Kjolen som Line Viola (t.h.) har på seg, fall i smak. Det er søstera si. Dei to kjøpte litt av kvarandre.

Gladmeldinga kom raskt

Dagleg leiar i Eikelandsfjorden Idrettslag, Vigdis Øvreeide, tok saka vidare med ein gong. Gladmeldinga kom raskt. Det skulle vera nokre handballkampar i hallen søndag. Då hallen uansett skulle vera open, fekk dei lov til å ha alt liggjande, og prøva seg igjen dagen etter.

Sjølv om salet ikkje var all verda laurdag, vil søstrene prøva seg igjen seinare, om sjansen skulle by seg.

— Ideen er framleis veldig god. Det hadde vore kjekt om det kom litt fleire folk. Kan henda at ikkje alle forstod at dette er for alle. For det var først litt uklart for meg. Eg tok kontakt med idrettslaget og spurte om dette berre var for medlemer. Det er det ikkje. Det er for alle, seier Jenny.

Det finst også ein annan fordel ved at bruktmarknaden er open også søndag.

— Då kan eg få betre tid til å kika på kva dei andre sel, seier Jenny og smiler.