Er meldt: Ei kvinne i 40-åra er meld etter å ha blitt stoppa av politiet fredag kveld.

Blei stoppa av politiet. Skal ha erkjent bruk av narkotika

Politiet har oppretta sak.

Rett før klokka 19 fredag kveld, blei ein bil stoppa i området Hagavik. Bak rattet sat ei kvinne i 40-åra.

— Kvinna verka å vera rusa, og erkjente å ha innteke narkotika, opplyser operasjonsleiar i Vest politidistrikt Tatjana Knappen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvinna blei teken blodprøve av. Forholdet er meld og førarkortet er beslaglagt.

Promillekontroll på Ulven

Natt til laurdag stilte politiet seg opp ved Ulvensletta for å utføra promillekontroll.

— Det var ikkje mange som blei kontrollerte. Sju i talet. Det var ikkje noko å reagera på her. Det er veldig bra, seier Knappen.