Ikkje utelukka: - Nokre kommunar har måtta innføra ytterlegare tiltak. Blir det endringar i smittemønsteret her, så kan heller ikkje me utelukka ei innstramming.

- Blir det endringar i smittemønster, kan me ikkje utelukka ytterlegare tiltak

Kommunen følgjer smittesituasjonen tett, og kan ikkje utelukka ytterlegare tiltak dersom smittemønsteret endrar seg.

Det sa ordførar Trine Lindborg under pressebriefen utanfor rådhuset tysdag.

– Når me no har fått den auken me har, så var det naturleg å kalla inn til pressebrief og koma ut med informasjon til innbyggjarane, sa Lindborg som også oppfordra alle til å «orka å halda ut litt til».

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me fekk oss ein vekkar då regjeringa kom med nye tiltak søndag kveld. Fleire kjende nok at «no er det nok». Men så viste det seg med dei nye smittetala at det er naudsynt. Me må avgrensa den sosiale kontakten og mobiliteten.

Ho stadfesta at det ein frykta kunne skje med auka kontakt, mobilitet og reising i jula og nyttår, no har skjedd.

- No må me kjempa saman for å slå ned bølgje tre.

Den kommunale kriseleiinga i kommunen følgjer no situasjonen tett. Per no er det dei nasjonale føringane som gjeld i Bjørnafjorden, men ordføraren utelukkar ikkje at det kan koma endringar.

- Nokre kommunar har måtta innføra ytterlegare tiltak. Blir det endringar i smittemønsteret her, så kan heller ikkje me utelukka dette. Men per no er det nasjonale reglar som gjeld.

Ordføraren avslutta sitt «innlegg» med at det er lys i tunellen. I morgon vert den fyrste vaksinen sett i Bjørnafjorden.

– Me vil koma ut med ytterlegare informasjon om vaksineringa fortløpande.

I fyrste omgang har Bjørnafjorden fått 80 dosar. I neste veke kjem 70 til.

Artikkelen held fram under annonsen.