Stengd: Her har det vore stengd for trafikk i fleire veker. Trafikantane må venta nokre dagar til før dei kan køyra over gamle Osbrua igjen.

Blir ikkje opna i dag som planlagt

Gamle Osbrua skulle ha blitt opna for trafikk i dag.

Det opplyser dagleg leiar i Grunn & Betong AS, Bjarte Bøe.

— Vegen skulle eigentleg opnast for trafikk i ettermiddag, fredag, men så kom det kontrabeskjed frå BKK, seier Bøe.

Artikkelen held fram under annonsen.

Framleis stengd: Gamle Osbrua skulle opnast for trafikk i dag, men dette skal no vera utsett til måndag.

Vidare fortel han at årsaka skal vera utfordringar med ein komponent i ein trafostasjon.

— Opninga av vegen blir difor utsett til måndag, seier Bøe.

Dette er knutepunktet for mykje av arbeidet som har gått føre seg fleire stader i sentrum den siste tida.

Arbeid fleire stader har ført til stenging av vegar. I august fortalde prosjektingeniør Siril Langhelle ved Bjørnafjorden kommune, at det diverre vil bli mykje graving framover også.