To menn: Klokka 03.15 fekk politiet melding om eit slagsmål i sentrum mellom to menn.

Blødde frå leppa etter slåstkamp. Vil melda saka til politiet.

To menn på 32 og 22 år barka saman i Os sentrum natt til søndag.

Klokka 03.15 fekk politiet melding om eit slagsmål i sentrum mellom to menn.

Den eine hadde fått skade på leppa og blødde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han vil melda saka til politiet.

Ufin mot vaktene

Eit døgn tidlegare, natt til laurdag, fekk politiet melding om ein 21 år gamal mann som vanka mellom utestadane i Os sentrum.

Han vart avvist og skal ha oppført seg «noko ustabilt».

I fylgje politiet var han ufin mot vaktene på mellom anna Catten.

Ein patrulje rykte ut og ein kompis lova å fylgja mannen heim.