Stort farepotensial: - Potensialet i ein slik bossbrann er stort, seier varabrannsjef Erik Walden. (Arkivfoto)

Bossbrann: – Dette kunne gått verkeleg ille

Fredag ettermiddag melde ein turgåar om ei påtent bosskorg i garderobeanlegget til Nore Neset IL.

– Då me kom fram til staden, var bosskorga heilt smelta, men det var ikkje fyr i bosset då me var der, seier varabrannsjef i Bjørnafjorden kommune, Erik Walden.

Garderobeanlegget: Bosskorga stod i garderobeanlegget mellom dei to fotballbanene. (Arkivfoto)

Han legg til at dette kunne blitt skikkeleg ille.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg veit ikkje korleis dette vart sløkt, men potensialet i ein slik bossbrann er stort. Her kunne heile garderobeanlegget teke fyr, slår Walden fast.

Etter det Os & Fusaposten kjenner til, var døra til garderobane på vidt gap då turgåaren kom over bosspannet som var antent.

– Er det nærliggjande å tru at nokon har tent på bosspannet?

– Det vil eg ikkje uttala meg om. Det må du ta med politiet, seier Walden.