Kvinna som køyrde av vegen og hamna på taket i Hegglandsdalen i august er no dømt.
Kvinna som køyrde av vegen og hamna på taket i Hegglandsdalen i august er no dømt.

Bot og soning for promillekøyring

Kvinna som i midten av august køyrde av vegen i Hegglandsdalen er dømt for å ha køyrd i rusa tilstand.

Det var måndag ettermiddag 17. august at den 61 år gamle kvinna køyrde av vegen ved avkøyringa til Lien i Hegglandsdalen. Ifølgje vitne var bilen kvinna køyrde i grøfta to gonger før han rulla over på taket og enda i vegbanen.

Etter mistanke om promillekøyring vart kvinna teke med til legevakta. Her viste blodprøven ein promille på 2,35.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre år

I Norhordland tingrett vart kvinna nyleg dømt til 27 dagars fengsl og 35.000 i bot. I tillegg må ho venta i tre år før ho kan få tilbake sertifikatet.

I dommen heiter det at retten har lagt vekt på at siktede køyrde bil med særdeles høg promille.

«Bilen den sikta køyrde vart liggjande på taket i vegen. Farepotensialet ved køyringa var betydeleg, og det må sjåast på som eit lukketreff at køyringa ikkje medførte personskadar» står det mellom anna i dommen.