Brannsjef Gunnar Hatlelid på veg mot den brennande sjarken i natt.
Brannsjef Gunnar Hatlelid på veg mot den brennande sjarken i natt.

Brann i båt

Klokka 03.10 i natt fekk brannvesenet melding om brann i ein 32 fots sjark i Ådlandssjøen.

Det var eigar sjølv som varsla om brannen kl. 3.10. Den 32 fot lange båten, som raskt vart totalt overtent,låg om lag 50 meter frå land då brannvesenet i Fusa kom til staden, som ligg om lag midt mellom Holmefjord og Eikelandsosen. Fortøyninga var då brent av og båten dreiv mot fjorden. Ved hjelp av lånt båt fekk brannvesenet taua den brennande sjarken inn til land att og kunne starta sløkkjinga. Då hadde det gått omtrent ein time frå dei kom til staden.

Ein mann i 60-åra skal ha fått ein del røyk i seg og fekk behandling av First responder frå brannvesenet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Utrykningsleiar Per Rosvoll melder at brannen vart sløkt i seks-tida i dag tidleg.

- Det var ein stri tørn og vi hadde mykje utstyr i bruk, så morgontimane no går med til å rydda og skylja ut saltvatn.

- Har brannvesenet eigen båt?

- Ja, men den ligg inne for sesongen. Heldigvis fekk vi låna båt av eigaren som var på staden, seier Rosvoll.