Røyk og flammar: Det skal vera mykje røyk og flammar og fare for spreiiing, ifølgje politiet. Illustrasjonsfoto

Brann i bil - melde om fare for spreiing

Politiet rykte ut.

Oppdatert 08.05:

Brannen er sløkt. Ingen personskade.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onsdag morgon vart det meldt om brann i ein bil i Hagavik. Bilen stod utanfor eit hus i Strønevegen.

Det skal ha vore mykje røyk og flammar og fare for spreiiing, ifølgje politiet.

Folk på staden skal ha freista å sløkkja brannen, skreiv politiet på Twitter, som rykte ut til staden.