Det er brann i ein einebustad i Hegglandsdalen. Brannvesenet frykta at brannen skulle spreia seg til skogen som ligg like bak huset. – Vi har kontroll på brannen, seier brannvesenet.

Brann i einebustad

Like før klokka halv to fekk brannvesenet i Os melding om brann i eit bustadhus som ligg tett inntil skog i Hegglandsdalen.

Etter lang tids tørke og strålande sommarvêr var brannvesenet uroa for at det skulle ta fyr i skogen bak huset som brenn.

– Vi sendte inn røykdykkarar og la ut slangar på baksida av huset for å prøva å hindra spreiing, fortel varabrannsjef i Os, Arne Monsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje brannvesenet brenn det i andre etasje av huset.

– Vi har kontroll på brannen. No er det snakk om å berga det som bergast kan, seier Monsen og legg til at alle var ute av huset då dei kom til staden.

Det er for tidleg å seia noko om årsaka til brannen. Brannen vart oppdaga av ein bebuar.

Det er brann i ein einebustad i Hegglandsdalen. Brannvesenet frykta at brannen skulle spreia seg til skogen som ligg like bak huset. – Vi har kontroll på brannen, seier brannvesenet.
Det er brann i ein einebustad i Hegglandsdalen. Brannvesenet frykta at brannen skulle spreia seg til skogen som ligg like bak huset. – Vi har kontroll på brannen, seier brannvesenet.
Det er brann i ein einebustad i Hegglandsdalen. Brannvesenet frykta at brannen skulle spreia seg til skogen som ligg like bak huset. – Vi har kontroll på brannen, seier brannvesenet.
Det er brann i ein einebustad i Hegglandsdalen. Brannvesenet frykta at brannen skulle spreia seg til skogen som ligg like bak huset. – Vi har kontroll på brannen, seier brannvesenet.

– Det var ingen inne i huset då det starta å brenna, men ein person er sendt til legevakt for sjekk, fortel innsatsleiar i Vest politidistrikt, Ole-Marius Røttingen.

camilla.kvamme@osogfusa.no