Brann: Brannen i den gamle siloruinen har neppe oppstått av seg sjølv.

Brann i gamle silo-ruinar i Marivegen

Bjørnafjorden brann og redning har vore på staden og spylt grundig.

Klokka 21.25 fekk brannvesenet melding om at det brann i nokre gamle silo-ruinar i Marivegen på Halhjem.

Marivegen: Brannvesenet fekk melding om brannen klokka 21.25.

110 Vest opplyste på Twitter at det dreide seg om ein mindre brann.

Artikkelen held fram under annonsen.

Bjørnafjorden brann og redning rykte raskt ut og har spylt med store mengder vatn.

— Det var snakk om ein siloruin med gamle plankar i midten, fortel varabrannsjef Erik Walden.

— Fekk de raskt kontroll?

— Ja, det hadde vel neppe skjedd noko om ikkje vi kom, men no er det i alle fall sløkt. Det kan jo ikkje stå slik og brenna utover kvelden og natta.

Per torsdag kveld stig ulmar det framleis på brannstaden, og det er mykje kvit røyk på grunn av dei store vassmengdene.

— Kva med brannårsaka, det byrjar vel ikkje å brenna ein slik stad av seg sjølv?

— Politiet har vore her og gjort sin del av jobben, seier han.