Melding om brann: Brannvesenet fekk laurdag morgon melding om brann i Eikelandsheiane.

Brann i gammal støvsilo: Nytta gravemaskin i sløkkinga

Brannvesenet fekk laurdag morgon melding om brann i Eikelandsheiane.

— Det kom melding om brann i ein gammal støvsilo, fortel brannsjef Eivind Hovden i Bjørnafjorden brann og redning.

Brannvesenet skal raskt ha fått kontroll over brannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det var ikkje ein stor brann, og det var heldigvis ikkje fare for spreiing. Det gjekk fredeleg føre seg, og vi har returnert til stasjonen, seier Hovden.

Raskt kontroll: Brannsjef Eivind Hovden fortel at dei raskt fekk kontroll over brannen.

— Har de ein ide om kva som kan vera årsaka til brannen?

— Nei, det får du ta med politiet.

På Twitter blei det meld om at brannvesenet brukte ein gravemaskin i samband med sløkkinga. Dette for å grave fram massar for å gjera arbeidet lettare.