Terrengbrann: Brannvesenet oppmodar folk om å vera forsiktige i desse dagar, då det er tørt terreng og skogbrannfare.

Utrykking laurdag kveld: – Terrengbrann

Grunna tørt gras og høg spreiingsfare, blei to stasjonar kommandert ut.

Publisert Sist oppdatert

Laurdag kveld litt før klokka 21, melde 110 Vest om brann i gras og buskar like ved Bogstrandvegen.

Det vert vidare opplyst at brannvesenet, både frå Os og frå Samnanger, er på veg.

– Det er snakk om ein liten terrengbrann, opplyser Arne Rødberg ved Bjørnafjorden brann og redning.

– På grunn av svært tørt gras og høg spreiingsfare, blei to stasjonar kalla ut. På veg til staden fekk vi beskjed om at brannen meir eller mindre var sløkt, fortel Rødberg.

Ifølgje 110 Vest har personar på staden fått fatt i tre brannsløkkingsapparat, og gjort god innsats. Det er eitt område på om lag 10x20 meter som har brunne.

– Vi køyrer likevel fram til staden for å sjå til at ikkje det er glør og at det kan blussa opp. Det ser ut til at også dei frå Samnanger køyrer heilt fram. Då skal vi ha godt med ressursar på staden.

Det er per no uklart kva som er årsak til at det tok fyr i terrenget.

Rødberg ønskjer å oppmoda folk om å vera veldig forsiktige med open eld.

– Det er svært tørt og det skal lite til før det tek fyr.

Det er gått ut farevarsel om lokal gress- og lyngbrannfare i snøfrie områder på Vestlandet. Varselet er gjeldande inntil det kjem nedbør av betydning.

Powered by Labrador CMS