Bilbrann: Det skal ha oppstått brann i ein personbil tysdag formiddag Bilen står i ein busslomme ved Halhjemsvegen.

Opne flammar: Berga av forbikøyrande trailer

Eit pulverapparat vart redninga då det tok fyr under panseret.

Opne flammar: Det skal ha vore opne flammar i motoren.

Kring klokka 10.45 kom det inn melding om brann i ein personbil ved Halhjemsvegen.

Det var 110 Vest som melde om dette på Twitter, og både politi og brannvesen rykte ut.

Artikkelen held fram under annonsen.

Etter at det byrja å ryka frå panseret i bilen, svinga den mannlege føraren av vegen og parkerte i busslomma ved FUS Søre Neset barnehage.

Ein forbipasserande trailer stoppa og gav mannen eit pulverapparat før han køyrde vidare.

Då mannen opna panseret, stod det opne flammar opp. Han fekk då sløkt dei ved hjelp av pulverapparatet.

Det fortel innsatsleiar Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon.

— Traileren er for lengst av garde, men om trailersjåføren les avisa så får han gjerne med seg at vi er han stor takk skuldig, seier Birkeland.

Fekk hjelp: Innsatsleiar Atle Birkeland fortel at ein forbipasserande i ein trailer kom ut med eit pulverapparat, slik at føraren av personbilen fekk sløkt brannen.

Bilen vert ståande i busslomma medan ein ventar på bilberging.