Brann i terrenget: Dette er litt av området som har brunne.

Brann i terrenget: — Det er ein gard 200 meter unna

Onsdag ettermiddag kom det inn melding om brann i terrenget ved Åsevegen.

På Twitter opplyser 110 Vest om brann i terrenget ved Åsevegen.

Det er per no ikkje opplyst nærmare nett kvar det brenn. Åsevegen er i Hålandsdalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

I november i fjor var det også brann ved Åsevegen. Då måtte brannvesenet bruka støvlar og spade før brannslangane var på plass.

Til BT seier vaktkommandør Jan Ove Haga at det har kome inn ei avstandsmelding frå ein person som ser mykje røyk.

— Første bil frå oss ser mykje røyk i terrenget, men ingen flammar. Vi undersøkjer nærmare.

Brannsjef i Bjørnafjorden brann og redning, Espen Storum, fortel at det per no er litt uoversiktleg.

— Vi får bistand frå nabobrannvesen. Det er ein terrengbrann ved Åsevegen, og det er sagt at det er eit stort område. Det er ein gard i nærleiken, 200 meter unna, fortel Storum.