Brannvesenet i Fusa måtte rykkja ut til ein brann i Hafskorvegen onsdag kveld.
Brannvesenet i Fusa måtte rykkja ut til ein brann i Hafskorvegen onsdag kveld.

– Brann i uthus

Hyttebrannen som vart meldt i Eikelandsosen klokka 20 onsdag, var ifølgje eigar, ikkje ein hyttebrann.

– Bygget er registrert som eit garasjeuthus/anneks. Det står til nedfalls og vi har fått tillating til å riva det, understrekar eigaren.

Like etter klokka 20 onsdag, tikka det inn melding frå politiet på Twitter om at det var byrja å brenna i ei hytte i Hafskorvegen i Fusa. Like etter kunne 110-sentralen i Hordaland opplysa om at det brann i ein gavlvegg, og at dei hadde sendt røykdykkarar inn for å sløkkja brannen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Om det har vore brann i ein av veggane etter bålfyring vil visa seg med 100 prosent sikkerheit når det vert lyst, seier eigaren av bygningen og legg til:

– Bygget var ikkje forsikra. Det var heller ikkje straum i uthuset då det byrja brenna.

camilla.kvamme@osogfusa.no