Kaland skule: Barneskulen ligg rett over grensa mot Bergen kommune.

Brann i utetoalett på Kaland skule

Tre personar vert sett til av helsepersonell.

Vi oppdaterer saka.

Naudetatane er på staden, og tre personar vert sett til av helsepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Klokka 11.42 melde brannvesenet brannen sløkt.

Personell ved skulen skal sjølve ha sløkt brannen og alle elevar vart evakuert.

— Dei har gjort ein formidabel jobb og sløkt brannen, skriv 110 Vest på X.

Den fyrste meldinga om brann og røykutvikling på Kaland skule vart lagt ut klokka 11.29.

BT har snakka med vaktkommandør Shahrooz Lahooti i 110 Vest som fortel at det vart observert røyk og opne flammer ved eit utetoalett i tilknyting til eit lagerbygg på baksida av skulen.

Politiet gjer no undersøkingar på staden, medan brannvesenet blir verande og kontrollerer.

Brannsjef Espen Storum opplyser at Bjørnafjorden brann og redning rykte ut med to bilar, men vart sende i retur like før dei nådde fram.

— Beskjeden vi fekk var at det var kontroll på staden, fortel han.