Brannvesenet rykte ut til ein barnehage i Os etter melding om røykutvikling. Biletet er frå ein brann tidlegare i år.
Brannvesenet rykte ut til ein barnehage i Os etter melding om røykutvikling. Biletet er frå ein brann tidlegare i år.

Branntilløp i Espira Kuventræ barnehage

Brannvesenet var raskt på staden og fekk kontroll over situasjonen. I etterkant blei dei igjen for å snakka med borna i barnehagen.

– Det er noko vi forsøkjer å gjera når vi er i barnehagar og skular for at dei ikkje skal bli ekstra skremd, seier Gitle Smaadal i Os brannvesen og legg til:

– Då vi kom til staden var alle ungane evakuert på eksemplarisk vis.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Blei borna veldig skremd?

– Ikkje som vi kunne sjå, men vi snakkar med dei om situasjonen for at dei ikkje skal vera redde.

Varmepumper er ingen stygg ulv

Det skal ikkje ha vore opne flammar i barnehagen, men det var litt lukt og røyk.

– Årsaka var varmgang i kompressoren til ei varmepumpe. Isolasjonen kring blei så varm at det starta å røyka, seier Smaadal og legg til:

– Ei varmepumpe er nett som eit kjøleskap. Det har også ein kompressor. Det er ikkje ofte det skjer at det tek fyr, men det kan skje. Varmepumper er ingen stygg ulv på brannstatistikken. Dette kan skje med alt som er elektrisk, men heldigvis skjer det ikkje så ofte.