Brannvesenet i Os rykte i morgontimane onsdag ut til eit branntilløp i ein privat bustad i Os.
Brannvesenet i Os rykte i morgontimane onsdag ut til eit branntilløp i ein privat bustad i Os.

Branntilløp i sikringsskap

Brannvesenet i Os rykte i morgontimane onsdag ut til ein brannalarm frå ein privat bustad i Solstrandvegen i Os.

Alarmen gjekk klokka 06.20. Brannvesenet fekk beskjed frå eit vaktselskap, og rykte ut til staden.

Det var ingen i huset, men brannvesenet tok seg inn, og oppdaga røyk.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det viste seg å vera eit branntilløp i eit sikringsskap. Det var ingen opne flammar, men ein god del røyk og varmt, opplyser fungerande overbetjent ved Os lensmannskontor, Thomas Juulseth.

camilla.kvamme@osogfusa.no