Mobergsbakken: Brannvesenet er på veg til ei bilulukke i Mobergsbakken.

Bil i fjellvegg i Mobergsbakken

Føraren var åleine i bilen då ulukke skjedde like før midnatt torsdag kveld.

Både politi og brannvesen er på ulukkesstaden i Mobergsbakken etter at det like før midnatt vart meldt om ei bilulukke.

Ein bil har køyrt i fjellveggen, men føraren er vaken og bevisst og ute av bilen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ho vert køyrd til legevakta for undersøking, men det er ikkje mistanke om rus.

Føraren erkjenner å ha vore uoppmerksam og det vert oppretta sak.

Det melder Vest politidistrikt på Twitter.