Magnus Kvalbein Askvik drillar hol i isen på Ulvenvatnet, medan Morten Moberg står med centimetermålet. Gitle Smaadal i bakgrunnen.
Magnus Kvalbein Askvik drillar hol i isen på Ulvenvatnet, medan Morten Moberg står med centimetermålet. Gitle Smaadal i bakgrunnen.

Brannvesenet tek over ismålinga

Frå og med i morgon overtek brannvesenet ansvaret for å måla om isen er farbar. Sjå lista over kva 9 vatn i bygda som skal målast!

Me møter brannvesenet i Os på Ulvenvatnet. Magnus Kvalheim Askvik tek handboret og borrar hol i isen. Målestokken viser 15 centimeter - på prikken kva som er grensa for godkjenning.

- Dette vatnet får altså ei godkjenning gjeldande frå i morgon av, seier Arne Monsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me fekk denne oppgåva for nokre timar sidan, men brannvesenet er fleksible og kastar oss rundt, legg han til.

Desse 9 vatna skal målast

Etter at ordførar Terje Søviknes gav dei oppdraget i dag tidleg, har dei site i møte og diskutert kva vatn dei skal måla og korleis dei skal gjera det. No har dei kome fram til 9 vatn:

Dei er: Vindalsvatnet, Gåssakilen, Banktjørno, Tveitvavatnet (i Hegglandsdalen). Lekvenvatnet, Bjørnavatnet, Langavatnet (på Drange), Strønevatnet og Ulvenvatnet.

Varabrannsjef Arne Monsen med det midlertidige skiltet som vil bli sett opp langs vatn med farbar is.
Varabrannsjef Arne Monsen med det midlertidige skiltet som vil bli sett opp langs vatn med farbar is.
Etter ismålinga var Morten Moberg rett ned på Jernia Sælen for å kjøpa naudsynt utstyr til jobben.
Etter ismålinga var Morten Moberg rett ned på Jernia Sælen for å kjøpa naudsynt utstyr til jobben.

- Ei stund var me usikre på om Bjørnavatnet skulle vera med, men me fekk ein del tilbakemeldingar på at det bør med. Det er eit byggjefelt rundt der, og ein del folk utpå, seier Arne Monsen.

Blir merka med skilt

Brannvesenet tek til arbeidet torsdag 14. januar, men det er ikkje sikkert at dei rekk over alle vatna i morgon. Dei vatna som blir klassifiserte med farbar is, blir merka med skilt.

- I tillegg vil me markera der det er bekkefar under isen - der er det utrygg is.

- Kva med område med mykje siv?

- Det vil det bli for mykje arbeid å merka av alle felt med siv. Det er viktig å hugsa på at folk har eit eige ansvar for å ha kunnskap om trygg ferdsel på isen. Blant anna at det ikkje er trygt å gå på is i nærleiken av siv, er noko folk må ha kjennskap til, seier Monsen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han nytta også høvet til å takka privatpersonen John Lepsøy som har målt is på frivillig basis i ei årrekkje no.

- Han har gjort ein fantastisk innsats, men det er ikkje rett at eit så stort ansvar skal kvila på ein mann, seier Monsen.

Informasjon om kva vatn som er trygge vil bli lagt ut på Os kommune si heimeside, og på osogfusa.no

Utan kjennskap til lokale isforhold

Ordførar Terje Søviknes fortel om årsaka til at dei har valt å ta dette ansvaret tilbake på kommunale hender.

- Dette var tidlegare eit arbeid kommunen gjorde, men så vart det kutta ut på tidleg 2000-tal. Då vurderte me det slik at folk sjølve kjende vatna dei budde i nærleiken av. Men no har me fått ganske mange nye tilflyttarar, og dei har ikkje det nettverket og lokalkunnskapen som skal til for å vita om isen er farbar eller ikkje. Difor har me konkludert med at dette bør gjerast i kommunal regi, seier Søviknes.

- I 2012 var det også ein kald vinter med is på vatna. Kva har endra seg sidan den gongen?

- Noko av årsaka er at me har blitt kontakta av mange som spør kvifor me ikkje kan yta denne teneste på lik linje med Bergen kommune. Det har også vore mykje omtala i pressa. Nrk Hordaland oppfordra folk no om å kontakta kommunane sine med spørsmål om isen er trygg. Så etter å ha diskutert det med fungerande rådmann og Nils-Petter Borge i leiarmøte tidlegare i veka konkluderte me at tida er moden for å innføra kommunal ismåling att, seier Søviknes.