Fusingar skal tevla i brettspelet Ticket To Ride.
Fusingar skal tevla i brettspelet Ticket To Ride.

Brettspel-samling i biblioteket

Laurdag blir det arrangert brettspel-turnering i biblioteket i Fusa. Unge born, ungdom og vaksne skal tevla i Ticket To Ride.

- Ticket To Ride passar for born og vaksne. Eg har vener som liker å spela det, og eg er glad i det sjølv. Ticket To Ride er kjent som eit familiespel, og eit "start-spel". Det vil seia at det er enkelt å koma inn i, men så komplisert at ein ikkje blir lei, seier bibliotekar i Fusa og initiativtakar, Martine Durban Jahr.

- Skal du sjølv ta del i turneringa?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Eg har lyst, men av erfaring vil det koma ein del spørsmål undervegs om reglar og slikt, så eg vil ikkje kunna ta del i spelet. Eg skal vera dommar, seier Durban Jahr.

Håpar på turneringar

Dei som ønskjer å vera med, kan møta opp i biblioteket laurdag føremiddag.

- Først vil eg gå gjennom reglane. Eg ser føre meg at vi startar å spela i 12-tida, seier Durban Jahr.

Bibliotekar i Fusa, Martine Durban Jahr, står bak brettspel-turneringa. (Arkiv
Bibliotekar i Fusa, Martine Durban Jahr, står bak brettspel-turneringa. (Arkiv

Det er sett ei aldersgrense på 10 år. Dei som er under ti år, må ha med seg følgje. Durban Jahr håpar på godt oppmøte, slik at ein kan dela opp i to turneringar. Ein for born opp til 16 år, og ein over 16 år.

- Det er ingen øvre aldersgrense, seier bibliotekaren.

Vinnaren vil bli premiert med diplom.

I Ticket To Ride skal ein byggja togliner over eit kart. På speløskja står det at eit spel normalt tek mellom 30 minutt og éin time.

- Av erfaring kan det variera veldig kor lang tid eit spel tek. Alt frå 20 minutt for dei som kan spelet, til halvannan time for nybyrjarar, seier Durban Jahr.