I grøfta: Ein brøytebil skal ha hamna i grøfta ved toppen av Fanafjellet på Nordvik-sida. Biletet er frå arkivet.

Brøytebil i grøfta på Fanafjellet: — Ser ut som at det kan bli ein “morosam” redningsaksjon

Det skal vera god plass til å passera.

OPPDATERT: Fri ferdsle etter bilberging.

Det er på Facebook-gruppa “Trafikkmeldinger Fanafjell” at det er komen ut ei melding om hendinga. Ein brøytebil skal ha hamna i grøfta rett over toppen av Fanafjellet på Nordvik-sida.

Artikkelen held fram under annonsen.

Trafikkoperatør Stein Nestås ved Vegtrafikksentralen opplyser at dei ikkje har fått melding om hendinga, men at dei ville forsøkja å finna ut kva som er skjedd.

Erik Holm som passerte staden for kort tid sidan, fortel at brøytebilen står mellom ein stolpe og fjellveggen.

— For meg såg det ut til å kunna bli ein krevjande jobb å få bilen laus. Ein “morosam” redningsaksjon. Eg vil tru at vegen kjem til å bli stengd ei stund når dei skal få brøytebilen laus. Nett no er det god plass til å passera, seier han.

Holm legg til at dei som ønskjer å følgja med å når vegen eventuelt blir stengd, kan sjekke ut den nemnde Facebook-sida.

— Folk er veldig flinke til å oppdatera der.

Vegtrafikksentralen Vest opplyser på X at vegen vil bli stengd ei stund frå kring klokka 12.50 ved Nordvik grunna bilberginga.

— Det var rett som dei melde på den Facebook-gruppa. Ein brøytebil har køyrd utfor vegen, står fast og må bergast. Vi kan ikkje per no seia noko om kor lenge vegen eventuelt blir stengd. Det er opp til bilbergar å fastslå, seier trafikkoperatør Nestås.

Klokka 12.50 opplyser vegvesenet at vegen blir stengd i om lag éin time som følgje av bilberginga.