Engesteleg for leikande born: Tonje har sjølv to små born. Ho synest det er skummelt å tenkja på at små born kan leika i snøhaugane ho brøyter langs vegen.

Brøytebilsjåføren køyrer med hjarta i halsen: — Snakk med borna dine!

- Vi vil jo ikkje at det skal skje ei ulukke, seier brøytebilsjåfør Tonje Bjørnør.

Det er travelt for Bjørnør og dei andre brøytebilsjåførane i Bjørnafjorden kommune. Bjørnør køyrer pick-up for Lyse Entreprenør, og bevegar seg for det meste på litt mindre vegar inne i burettslag og område kring skular. Begge stader er det mange born som leikar. Bjørnørs største frykt er å køyra på born som har laga snøholer i brøytekantane.

— Eg køyrer med hjarta i halsen. I helga såg eg veldig mange born som leika langs vegkanten og oppe på brøytefonna. Dei sklir i bakkar vi skal brøyta, og eg kjenner på at eg blir skikkeleg redd, seier 28-åringen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein brøytebilsjåfør lagar store snøhaugar. Haugar det kan vera svært fristande å byggja snøholer i. Det er nettopp det som er Bjørnørs største frykt.

— Eg kan ikkje vita kva som er inne i den haugen, eller bak den fonna. Vi køyrer med stor kraft inn i desse haugane. Sjølv om plogen på ein pick-up er mindre enn ein vanleg brøytebil, er han framleis like farleg. Vi vil jo ikkje at det skal skje ei ulukke.

Mykje snø, vanskeleg å sjå: Tonje fortel at det er ekkelt å tenkja på at det kan vera leikande born i haugen ho skuflar snøen i.

Snakk med borna!

Ho ber alle foreldre ta ansvar og snakka med borna sine om kor farleg det er å laga snøholer i brøytekantane.

— I dag og i morgon kjem det endå meir snø, og vi kjem til å vera ute og brøyta. Ver forsiktige og lag heller snøholer på plenen eller tunet, langt unna store vegar, seier Bjørnør.

Ho legg til at vaksne og andre også må vera flinka til å gje beskjed om dei ser andre små born som leikar langs vegen i snøhaugane.

– Eg har to små born sjølv, så eg har dette langt framme i minnet når eg køyrer, men det er som sagt ikkje så godt for oss å sjå om det er nokon som leiker i skavlane. Pass på, lyder oppfordringa frå Bjørnør.