Fleire tilfelle: Denne veka skal det har vore nok ei livsfarleg hending i Lyshorntunnelen. Biletet er frå eit tidlegare tilfelle.

BT: Onsdag skjedde det igjen

– Ein kan tenkja seg korleis ein frontkollisjon mellom to bilar i slik fart ser ut.

BT skriv at det denne veka var nok eit tilfelle av bil i feil køyreretning i 100-sonen i Lyshorntunnelen.

Avisa har snakka med Dag Gjertsen som på veg heim frå jobb onsdag 'fekk ei oppleving han seint vil gløyma'. I 100-sonen midt i Lyshorntunnelen skal ei kvinne ha kome køyrande mot han i feil køyreretning.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kvinna skal ha prøvd å snu i ein av tunnelens naudlommer.

– Eg møtte bilen midt i tunnelen, så føraren må ha køyrd i nesten fem minutt før ho bestemte seg for å byta køyreretning, seier Gjertsen til BT.

– Utruleg farleg, konstaterer Atle Olav Heradstveit i bergenspolitiet.

– Ein kan tenkja seg korleis ein frontkollisjon mellom to bilar i slik fart ser ut. Vi snakkar om fatale dødsulukker, seier politioverbetjenten.