Budsjett 2016: Rådmannen føreslår tiltakspakke som endar med ein barneskule

To barneskular frå 2016. Ein barneskule i Eikelandsosen på sikt. Det er rådmannens forslag til framtidig skulestruktur i Fusa.

- Me kjem ikkje utanom store omstillingar innan skule og helse, fastslår rådmann Berit Fløisand i sitt arbeidsnotat for det føreståande budsjett- og økonomiplanarbeidet.

Ho legg ikkje skjul på at Fusa står framføre omfattande grep for å få budsjettet og økonomiplanen i balanse.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei viktigaste kostnadsberarane er innan grunnskulesektoren og pleie- og omsorgssektoren. Me kjem difor ikkje utanom omstilling på desse tenesteområda, skriv rådmannen.

To trinn

Skulesektoren vart omorgansiert i 2014 med samling av skuleeiningane i ei felles eining. No meiner rådmannen at omstillinga må vidareførast gjennom strukturelle endringar. Forslaget er ein tiltakspakke med endringar i skulestrukturen i to trinn. Fyrste trinn omfattar samanslåing av Strandvik og Fusa skular, og Holdhus og Eikelandsosen skular. Dette er føreslege gjennomførd i 2016. Trinn to - ein barneskule i Eikelandsosen - skal ein i så fall gå vidare med frå 2018. Dette etter at naudsynte investeringar i skuleområdet i Eikelandsosen er gjennomførde og føresetnadene ligg til rette for ei slik samanslåing.

Føreslår investeringar

Som ledd i ein slik samanslåingsplan, gjer rådmannen framlegg om å investera i nye lærararbeidsplassar ved Fusa og Eikelandsosen skular (trinn ein), og oppbygging av skuleområdet i kommunesenteret med utviding av barneskulen, rehabilitering av ungdomsskulen og bygging av fleirbrukshall (alt som del av trinn to).

- Me kjem ikkje utanom store omstillingar innan skule og helse, fastslår rådmann Berit Fløisand i sitt arbeidsnotat for det føreståande budsjett- og økonomiplanarbeidet. (Arkivfoto)
- Me kjem ikkje utanom store omstillingar innan skule og helse, fastslår rådmann Berit Fløisand i sitt arbeidsnotat for det føreståande budsjett- og økonomiplanarbeidet. (Arkivfoto)

- Det som er svært viktig å merka seg når det gjeld endra skulestruktur, er effektiviseringsvinsten for andre einingar og fellestenestene, påpeikar rådmannen og listar opp konkrete innsparingstiltak som gjeld administrasjonsressursar, fellestenester, økonomi/personalområdet og kulturskule.

- I tillegg vil tilsette innan PPT, helsestasjon, fysioterapi, bibliotek og kultur få mindre reisetid og dermed meir tid til brukarane, legg rådmannen til.

Den forventa effekten av dei eventuelle skulestrukturendringane er 792.000 (2016), 1.902.000 (2017), 3.233.000 (2018) og 5.097.000 (2019). I tillegg kjem innsparingar ved å avvikla admininstrativ deltidsstilling innan undervisning 2019, avvikling av SFO i samsvar med ny skulestruktur, endringar for teknisk drift, osv.

Utan auke i eigedomsskatt

Innan pleie og omsorg er følgjande tiltak for omstilling og omorganisering lista opp: Samanslåing av område 1 og 2 innan heimetenestene, fullføra ombygging av delar av Fusa bu- og behandlingssenter til omsorgsbustader og effektiviseringstiltak knytt til bustadsosial plan.

Dei innsparingstiltaka rådmannen tilrår i arbeidsnotatet er innarbeidde i framlegget til økonomiplan og budsjett, som begge er i balanse utan auke i eigedomsskatten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Os og Fusaposten kjem med meir frå rådmannen sine premissar og arbeidsnotatet laurdag.