Stengt i ein kort periode: Klokka 17.35 vart FV 48 ved Sævell, mellom Holmefjord og Tysse, stengt i ca. 15 minutt i samband med berging av bussen.

Buss køyrte av vegen med 19 personar om bord

Klokka 17.35 varsla Vegtrafikksentralen vest at FV 48 ved Sævell ville bli stengt i ca. 15 minutt på grunn av berging av bussen.

Klokka 15.12 melde 110 Vest på Twitter at ein buss hadde køyrt av vegen og velta ved Øpstebø i Samnanger, like over grensa til Bjørnafjorden.

Det er sidan presisert at bussen har køyrd av vegen og hamna inntil ein fjellvegg, ikkje velta.

Artikkelen held fram under annonsen.

Vegen vart fyrst stengt ved Sævell mellom Holmefjord og Tysse, men klokka 15.40 vart det opna for manuell dirigering. Det melder Vegtrafikksentralen.

Det er 19 personar involverte, og alle er ute av bussen. Dei involverte skal vera oppegåande, melder 110 Vest.

Like etter klokka 15.30 fekk Os & Fusaposten og fleire andre medium ei oppdatering av operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Eirik Loftesnes.

Det vart først meldt om at det kunne vera skader på dei involverte, med ukjend omfang. Etter at ambulanse, politi og brannvesen er komen fram til staden, er meldinga at ingen framstår som hardt skadde.

Det vart også meldt at det skulle vera vanskeleg å koma seg ut av bussen. Men alle dei 19 er no ute, og vert tekne hand om av helsepersonell og anna personell på staden.

Det er kaldt og surt på staden og passasjerane vert flytta over i ein minibuss.

Det er meldt om glatt veg i området der ulukka skjedde, men politiet kan ikkje per no stadfesta at dette er årsaka til ulukka.

Naudetatane jobbar for å få oversikt på ulukkesstaden og få kontroll på eventuelle skadar på passasjerane, og sørga for at desse vert tekne hand om av ambulansepersonell.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er bestilt tungbilbergar til staden. Politiet kan ikkje per no seia noko om når vegen vert opna att.

– Men me vil sjølvsagt prøva å få opna vegen snarast mogleg, seier Loftesnes.

Etter det politiet kjenner til, er det snakk om ein vanleg rutebuss - frå Tide, som har hamna utfor vegen.

Tide er varsla og folk frå selskapet er også på veg til staden.

Klokka 17.35 skriv Vegtrafikksentralen vest i ei oppdatering på Twitter at vegen vil bli stengt i ein kort periode i samband med berging av bussen.