Styremedlem Anita K. Egge,  seniorrådgjevar i Innovasjon Norge, Ivar Singstad og leiar for interimstyret i Os Næringsråd, Kjetil Vasby Bruarøy.
Styremedlem Anita K. Egge, seniorrådgjevar i Innovasjon Norge, Ivar Singstad og leiar for interimstyret i Os Næringsråd, Kjetil Vasby Bruarøy.

Byggjer nettverk for harde livet

Os Næringsråd sparka i gang hausten med seminar på Bjørnefjorden gjestetun i går. - Det viktigaste vi gjer i starten er å byggja nettverk, seier styremedlem Anita K. Egge.

Det summa godt rundt borda i kjellaren på Bjørnefjorden gjestetun då Os næringsråd inviterte til seminar. 24 lokale bedrifter var til stades for å læra om skatt og skattefrie frynsegoder og kva verkemiddel Innovasjon Norge kan tilby.

- Os har mista fleire store arbeidsplassar dei siste åra. Korleis er stemninga med tanke på framtida?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er riktig at vi har mista nokre store bedrifter, og det pregar bygda. Samtidig kjem det nye til, svarer styremedlem i Os næringsråd og bedriftsrådgjevar i DNB, Anita K. Egge. Ho opplever difor at dei fleste ser lyst på utviklinga framover.

Kreative smutthol

- Det var i alle fall mange kreative forslag frå salen til korleis ein kunne få utbetalingar til å bli skattefrie, ler ho og siterer føredragshaldar Ivar Singstad fra Innovasjon Norge som opna med følgjande utsagn: "Dersom ein er like kreativ på nyskapning som ein er på korleis ein kan unngå skattereglane, då er eg ikkje bekymra for næringslivet i Os i det heile teke".

Os Næringsråd har eksistert i litt over eit halvt år. Førebels har dei eit interimstyre, og er godt i gang med å få oppdatert medlemsregister og heimeside. Ting tek rett og slett tid, seier Egge. Ho vonar likevel at fleire Os-bedrifter vil melda seg inn utover hausten.

God drøs rundt borda på Bjørnefjorden gjestetun då Os næringsråd inviterte til seminar i går.
God drøs rundt borda på Bjørnefjorden gjestetun då Os næringsråd inviterte til seminar i går.

- Vi er i alle fall i gang, og vi er avhengige av at bedriftene melder seg inn slik at vi blir store og sterke.

Treng innspel

- Kva blir viktig for Os Næringsråd det komande året?

- No i byrjinga handlar det primært om å byggja nettverk og bli kjende. Deretter å etablera oss og få ei form. Vidare vil vi jobba opp mot kommunen og koma med innspel på næringspolitikken og kva dei kan bidra med, seier ho og nemner næringsareal og tilrettelegging for nyetableringar som to konkrete døme.

- Men her er vi avhengige av innspel frå bedriftene i Os på kva dei vil vi skal ta tak i.

- Korleis er fordelinga av mannlege og kvinnelege medlemer?

Artikkelen held fram under annonsen.

- I styret er det 50-50, men elles er nok medlemslista dominert av menn. Så her har vi ein jobb å gjera framover, seier ho.