Her er avtalen mellom Byggmester Skaatun og Urbanhus nett signert. Dei to daglege leiarane Ståle Skaatun og Åse Kristin Foss er godt nøgde.
Her er avtalen mellom Byggmester Skaatun og Urbanhus nett signert. Dei to daglege leiarane Ståle Skaatun og Åse Kristin Foss er godt nøgde.

Byggmester Skaatun styrkjer seg

Det lokale tømrarfirmaet har inngått kjedeavtale med Urbanhus. – Dette gjer oss til ein sterkare aktør, seier dagleg leiar Ståle Skaatun.

– Avtalen med Urbanhus gjer at vi styrkjer drifta og får endå meir føreseielege rammer. Med ein slik avtale får vi tilgang til ei ny kundegruppe, seier Skaatun.

– Kvifor går de inn i eit slikt samarbeid?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Vi meiner dette er rett steg å ta slik byggjenæringa utviklar seg. Ved å samarbeida med ein husleverandør er målet å styrkja oss i marknaden.

– Solid og erfaren verksemd

I ei pressemelding gjev Urbanhus uttrykk for at dei er godt nøgde med å ha skrive avtale med Byggmester Skaatun.

– Huskjeda Urbanhus gler seg over forhandlarstatus med ei så solid og erfaren verksemd – med eit godt omdøme, skriv dagleg leiar Åse Kristin Foss.

Ho fortel at dei ser ein stadig vekst i talet kundar som ønskjer meir enn eit ferdighus, og at dei difor legg vekt på å skreddarsy sine produkt.

- At folk ynskjer sine særpreg på husa, er kanskje ikkje så rart, med tanke på den store mengda digital inspirasjon vi blir eksponerte for, i form av biletdelingtenester som Instagram, Pinterest og liknande, i tillegg til bustadbloggar og interiør- og bustadforum.

Foss legg til at dei gler oss over å kunna ta del i marknaden på Os, i Fusa og Samnanger.

- Marknaden er der allereie, og med den nye hovudvegen frå Bergen, vil dette bli eit solid satsingsområde, kommenterer Foss.

Dreg nytte av fellesinnkjøp

For tre år sidan hadde Os & Fusaposten ei større sak med tømrarane Skaatun. Den gongen vart det poengtert at dei aller helst byggjer noko for fyrste gong og ikkje i form av ferdighus. Det skal dei halda fram med.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Urbanhus sine produkt har rett nok utgangspunkt i ein katalog, men det er ein digital katalog med husidear, så sit det arkitektar klare til å skreddarsy. Gjennom samarbeidet dreg vi nytte av fellesinnkjøpa, seier Skaatun.