Tove Hille formidlar gjerne varme klede til trengande, men må også få dei unna ganske fort. - Me har dessverre ikkje all verda med lagringsplass, så det må nesten bli sånn, seier Hille, som har vore leiar i frivilligsentralen i Os sidan starten i 2007.
Tove Hille formidlar gjerne varme klede til trengande, men må også få dei unna ganske fort. - Me har dessverre ikkje all verda med lagringsplass, så det må nesten bli sånn, seier Hille, som har vore leiar i frivilligsentralen i Os sidan starten i 2007.

Byr på varme klede

Uoppfordra har ei rekkje osingar levert varme klede og vintersko til Os frivilligsentral. Tove Hille formidlar gjerne, men manglar lagringsplass.

Leiaren i frivilligsentralen i Os stortrivst i sine relativt nye lokale i det gamle kommunehuset på Kyrkjeflaten, men klok av skade har ho vore restriktiv med å invitera osingane til å levera ting til trengjande. Hille har nemleg ikkje all verda med plass.

- Eg fekk meg ei aha-oppleving her i vår. Via Facebook inviterte eg osingane til å gje leiker og klede til flyktningane vår. Det resulterte i eit lass av ting og tang utanfor kontoret her. Veldig positivt, men me fekk rett og slett for mykje, humrar Hille.

Artikkelen held fram under annonsen.

Litt om gongen

Meir heldig løysing meiner ho dei har hatt no i vinter.

- Folk veit me kan ta imot litt klede, og at me gjerne formidlar dette vidare til trengande. No har eg tre-fire kartongar fulle. Desse kleda skal me fint klara å finna nye eigarar til, seier Hille.

Ved hjelp av sine 130 medlemer og kring 30 støtteorganisasjonar har ho eit enormt kontaktnett. Men Hille presiserer at ein ikkje treng vera flyktning eller rusmisbrukar for å få henta seg nokre varme plagg hos henne.

- Eg har mange fine klede og sko her. Tøffe støvlettar som passar ei flott kvinne, kule dunjakker og mykje anna. Dei som verkeleg treng noko, er alle velkomne til å koma her å få tøy av oss, slår Hille fast.

Ho har elles kontakta Vaksenopplæringa i Os og fortalt om det gode "klestilbodet"

Klok generasjon

Ho rosar alle som bidreg til å samla inn og levera til frivilligsentralen. Spesielt har ho merkt seg at den oppveksande generasjon er ivrig.

- Det verkar å vera ein generasjon ungdomar som er medvitne på det å hjelpa andre. Dessutan er dei opptekne av gjenbruk, noko som er viktig også reint miljømessig, seier Hille.

Som respons på gjenbruks-iveren inviterer Hille & co til gjenbruks-dag i lokala sine måndag 14. mars.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Då er det fritt fram for folk å levera ting som kan omplasserast. Deretter vert det hentedag for alle som måtte finna noko dei treng.