Knivstikkinga fann stad på Compact-fabrikken 16. desember i fjor. (Arkiv
Knivstikkinga fann stad på Compact-fabrikken 16. desember i fjor. (Arkiv

Compact-saka: - For sjuk til å straffast

29-åringen som før jul knivstakk ein kvinneleg kollega på Compact-fabrikken på Søfteland, kan verta erklært ikkje strafferettsleg tilrekneleg.

Kvinna vart kritisk skadd etter angrepet, men er no på betringas veg.

Mannen vart erklært psykotisk etterangrepet 16. desember i fjor, og har i heile varetektsperioden vore innlagd på Sandviken psykiatriske sjukehus. Der har han vore i behandling. Sikta meinte sjølv at han no var frisk nok til å verta lauslaten, i fylgje ein kjennelse frå Gulating lagmannsrett.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det har lagmannsretten sagt nei til, men ifylgje forsvarar Helge Hansen, er mannen no på det reine med kva han har gjort.

- Han har fått ein allmennmenneskeleg reaksjon, og ser at hendinga er ein katastrofe både for den som vart råka og for seg sjølv. Mannen er sjølvsagt både lei seg og ute av seg, seier Hansen.

Framleis varetekt

Før helga stod den sikta i fare for å verta overført til varetekt i Bergen fengsel.

Ei erklæring frå behandlande lege fekk likevel lagmannsretten til å snu i spørsmålet. Dermed skal mannen tilbringa også dei neste fire vekene i varetekt på Sandviken psykiatriske sjukehus.

- Han er i varetekt, men det er også hans eige ynske å vera på Sandviken vidare, seier Hansen.

Saka vert no etterforska vidare. Samtidig er mannen under såkalla judisiell observasjon. Dei sakkyndige skal då vurdera om det er riktig, slik alle i fylgje Hansen antek, at den sikta var psykotisk i gjerningsaugneblinken.

Kan verta lauslaten

Det er førebels ikkje bestemt når saka kjem opp for retten.

- Kan den sikta verta lauslaten frå varetekt før saka kjem opp for retten?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det kan skje, om fengslingsvilkåra ikkje lenger er til stades.

- Vil ikkje dette strida mot folks allminnelege rettskjensle?

- Nei, juridisk er det skilnad på å lauslata eit friskt, strafferettsleg menneske som har begått eit grovt brotsverk, og å lauslata ein person som var utilrekneleg i gjerningsaugeblinken, og dermed ikkje strafferettsleg tilrekneleg, seier Hansen.

- Kva med eventuell gjentakingsfare?

- Det vert berre spekulasjonar. No er det avgjort at mannen skal vera i varetekt i fire nye veker. Så vert det opp til retten å ta stilling til om den sikta skal setjast fri eller framleis vera i varetekt, seier Hansen.