Mykje røyk og høge smell frå brann i Ervikane

Container-brann: Bjørnafjorden brann og redning mistenkjer at årsaka er tre eingongsgrillar.

Politiet fekk melding om brann i ein container torsdag ettermiddag.

Klokka 16 fekk politiet melding om ein container-brann med mykje røyk og høge smell.

Bjørnafjorden brann og redning og lokalt politi kom raskt til staden.

Artikkelen held fram under annonsen.

Årsaka til den kvite røyken frå containeren var mest truleg tre eingongsgriller som brannvesenet fann.

Det er ikkje oppretta sak.