Feststøy: Politiet har i helga fått fleire meldingar om feststøy i nærleiken av Os sentrum.

Då politiet måtte rykka ut til adressa for andre gong, blei festen avslutta

Det er kome fleire meldingar til politiet om støy i helga.

Søndag i 03-tida fekk politiet melding om feststøy frå ei adresse utanfor Os sentrum. Her hadde dei vore tidlegare på kvelden og gitt festdeltakarane beskjed om å roa ned bråket, og å flytta festen innandørs. Då politiet for andre gong måtte rykka ut til adressa etter melding om støy, blei festen avslutta av patruljen.

På morgonen søndag i 05.30-tida, var det fleire som tok kontakt med politiet grunna høg bass/musikk. Denne gongen i nærleiken av Os sentrum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Ein russebuss blei lokalisert i sentrum av patruljen. Dei fekk pålegg om å slå av aggregatet/musikken. Dei gjorde som dei fekk beskjed om, fortel politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Christine Grindstein.