Så raskt som råd: - Eg kan forsikra alle om at vi vaksinerer så mange og så raskt vi kan ut ifrå kor mange vaksinedosar vi får, seier kommuneoverlege Klaus Melf (t.h.).

– Då vil vi endeleg få litt meir framgang i vaksinasjonen

Det seier kommuneoverlege Klaus Melf om vaksineringa i neste veke.

Bjørnafjorden kommune opplyser at dei får 222 dosar av BioNtech/Pfizer-vaksinen denne veka. 192 av desse er 2. dose til personar som fekk første dose for tre veker sidan.

– 30 personar i prioriteringsgruppe 3 (75-84 år) har fått tilbod om 1. dose med koronavaksine onsdag 10. mars. Alle desse er 79 år+, opplyser kommune vidare.

Artikkelen held fram under annonsen.

I tillegg får kritisk helsepersonell 100 dosar AstraZeneca-vaksine denne veka.

– Neste veke, i veke 11, er det varsla at vi får 252 dosar av BioNtech/Pfizer-vaksinen. Berre 12 av desse er 2. dose. Dette betyr at vi vil senda ut tilbod om 1. dose vaksine til 240 innbyggarar i aldersgruppa 78 år+ i løpet av inneverande veke. Då vil vi endeleg få litt meir framgang i vaksinasjonen, seier Melf.

Han har forståing for at folk synest vaksineringa går sakte.

– Men eg kan forsikra alle om at vi vaksinerer så mange og så raskt vi kan ut ifrå kor mange vaksinedosar vi kvar veke får tildelt frå Folkehelseinstituttet. Informasjonen endrar seg ofte på kort varsel, og vi må berre følgja med og tilpassa oss leveransane, seier Melf.