Øyvind Halleraker i lag med NHO Hordland har tidlegare føreslått fire tiltak som skal gje eit kostnadskutt på prosjektet i storleiksorden 11 til 15,5 milliarder kroner. Men han avviser at veg innover Øyane er ein del av desse løysingane.
Øyvind Halleraker i lag med NHO Hordland har tidlegare føreslått fire tiltak som skal gje eit kostnadskutt på prosjektet i storleiksorden 11 til 15,5 milliarder kroner. Men han avviser at veg innover Øyane er ein del av desse løysingane.

- Dagløysing er heilt uaktuelt

Etter dei siste dagars skriveri om Hordfast, presiserer Øyvind Halleraker (H) at dagløysing over Øyane er heilt uaktuelt.

Hordfast kjem og det vert midtre trasé. Men prosjektet er for dyrt slikt det ligg føre no. Det slo statsminister Erna Solberg fast tysdag. Prosjektet må verta billegare, og det må sjåast på løysingar som får ned kostnadsnivået, kommenterte Solberg.

Lokalpolitikar Helge Steinum (Ap) fryktar at konsekvensane for Øyane og Os vert store. Ap-politikaren ser dette som nye teikn på at ein går meir og meir vekk i frå ein senketunnel i Øyane.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Enten blir det tunnel eller så vert det dagløysing. Om ein skal spara pengar, vert det dagløysing, trur han.

Mindre skjemmande

Halleraker i lag med NHO Hordland har tidlegare føreslått fire tiltak som skal gje eit kostnadskutt på prosjektet i storleiksorden 11 til 15,5 milliarder kroner.

Men han avviser at veg innover Øyane er ein del av desse løysingane.

- Forslaget inneber ei viadukt-løysing i overgangen mellom flytebrua og inn mot land. Denne viadukten er tenkt å går over i ein vanleg fjelltunell under Øyane straks den når land, like vest for Gulholmen, forklarer Halleraker.

Han poengterer at terrenget vest for Gulholmen ligg godt til rette for ei slik løysing.

- Ein vil skjerma Kobbavågen, og Gulholmen vil heller ikkje verta råka. Ein vil gå inn i terrenget på kote 5-6 vest for denne holmen. I forhold til dei inngrepa som må til for ein senketunell, med fylling og høge brutårn, så gjev denne løysinga mindre naturinngrep, seier Halleraker.

Han legg til at viaduktar byggjer på velkjend teknologi og er brukt svært mange stader med godt resultat.