Vil få informasjon: Det vil gå ut informasjon til dei det gjeld gjennom skulane og barnehagane.

Dei borna det gjeld får gå i sine «vanlege» barnehager og skular

Kommunen har kartlagt kven som, med bakgrunn i samfunnskritiske funksjonar, vil få tibod om skule- og barnehageplass gjennom stengingsperioden.

Det vil gå ut informasjon til dei dette gjeld gjennom skulane og barnehagane.

– Frå måndag av vil desse få tilbod om plass ved den skulen og/eller barnehagen dei tilhøyrer til vanleg, opplyser Christian Fotland og held fram:

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har vald å gjera det slik uavhengig av kor mange born som då vil gå på dei aktuelle stadene, og for å unngå ny tilvenning og ukjend personale. På den måten sikrar meg også at det vert god plass til alle.

Så langt omfattar denne ordninga omlag 80 born i barnehagane og 50 born i skulane - samla sett i Bjørnafjorden kommune.

– No har me informert rektorar og barnehageleiingane, og tilbodet vil vera der frå måndag av, seier kommunalsjef for oppvekst, Line Rye.

Ho legg til at dei reknar med at talet born som blir omfatta av tilbodet, vil endra seg undervegs.