Prosjektleiar Odd-Helge Henriksen synest det er kjekt å sjå at dei første bubilane alt er på plass på den nye parkeringa.
Prosjektleiar Odd-Helge Henriksen synest det er kjekt å sjå at dei første bubilane alt er på plass på den nye parkeringa.

Dei første bubilane er på plass

Arbeidet starta i september. No er bubil- og caravan-parkeringa offisielt opna.

– Parkeringa har vore brukt to gonger tidlegare. Det var to helgar tidlegare i vinter, kor nokre spurte om løyve til å parkera. Då var det berre grusa på området, og det var ikkje straum på parkeringa. No er det lagt asfalt og straum er på plass, og vi er så godt som i mål, seier prosjektleiar Odd-Helge Henriksen.

Det einaste som manglar, er skikkeleg oppmerking for parkering, informasjonsskilt, og betalingsløysing.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Området var ferdig grusa før jul, men grunna utfordringar med frost i bakken, fekk vi ikkje lagt asfalt for no nyleg. Vi har ikkje fått merka opp plassane, men det vil skje om kort tid, seier Henriksen og legg til:

– Vi skal ha felles system for betaling for parkering i Os. Vi har ikkje fått landa korleis det blir. Enn så lenge er det gratis å parkera. Vi ser på det som ein invitasjon til at folk kjem attende.

Oppmerking er ikkje på plass, men dei har laga små markeringar, slik at dei som skal parkera har noko å gå etter. Informasjonsskilt på staden kjem med tida, og skilt ved avkøyringa frå fylkesvegen skal også koma.

Skiltet som seier camping forbode skal bli verande for å unngå at bubilar parkerer der vanlege bilar skal parkera.
Skiltet som seier camping forbode skal bli verande for å unngå at bubilar parkerer der vanlege bilar skal parkera.
Tømmestasjon for bilar og caravan ved pumpestasjonen til Os kommune på andre sida av brua, er på plass.
Tømmestasjon for bilar og caravan ved pumpestasjonen til Os kommune på andre sida av brua, er på plass.

– Der må vi først klarera med Statens vegvesen, sidan det er ein fylkesveg.

Vidare fortel Henriksen at kommunen skal gjera meir med området etter kvart for å gjera det endå trivelegare.

Åtte plassar

Det er sett av 5,5 meter til kvar av dei totalt åtte parkeringsplassane. Det er heilt sikkert nokre observante osingar som har fått med seg at det er eit skilt i Haugsnesfjero som seier at det ikkje er lov med camping. Det skiltet skal stå der.

– Det er fordi det skal vera oppstillingsplassar til vanlege bilar for dei som skal bada, eller som er på søndagstur, seier Henriksen.

Prosjektleiaren fortel også at det er vatn ved parkeringa, og at det er tømmestasjon for bilar og caravan ved pumpestasjonen til Os kommune på andre sida av brua.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Der er det og spylekran som ein kan få vatn frå, seier han.

Kommunen vil på eit seinare tidspunkt, etter at alt av oppmerking og slikt er på plass, ha ei markering av at parkeringa er opna.