Sesong: Sesongen for ein svært smittsam variant av omgangssjuke er rett rundt hjørnet, åtvarar FHI.

Dei første utbrota av omgangssjuke er melde inn

Symptoma er kvalme, oppkast, vondt i magen og diaré, og det er svært smittsamt.

Dei første utbrota av omgangssjuke med norovirus er melde inn til FHI.

Viruset blir lett spreidd frå person til person på stader kor mange folk samlast eller bur tett, åtvarar Folkehelseinstituttet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjukdomen er vanlegvis mild og går over av seg sjølv etter ein til tre dagar hos elles friske personar.

– Har du omgangssjuke eller mistenkjer at du kan vera smitta, til dømes etter å ha vore i kontakt med personar som er sjuke, bør du vere ekstra nøye med å vaska hendene med såpe og vatn. Du bør ikkje laga og servera mat til andre, seier lege Hilde Marie Lund ved FHI.

Vanlegvis kan du venda tilbake til skule eller jobb når du kjenner deg frisk igjen. Barn i barnehage, personar som handterer mat og helsepersonell bør ikkje venda tilbake til barnehage eller arbeid før 48 timar etter at oppkast og diaré har gitt seg.

Sidan 1. oktober er det meldt inn fem tilfelle av norovirus, men FHI meiner talet ikkje er representativt for kor mange som faktisk har det ettersom norovirusinfeksjon ikkje er meldepliktig.