Dei miljøbevisste elektrikarane Erik Senneset og Per Asle Solberg i SAS Elektroservice har med seg skulegut Sondre Lehrmann i desse dagar. - Eg valte å bli elektrikar fordi eg synest faget er interessant, seier Lehrmann.
Dei miljøbevisste elektrikarane Erik Senneset og Per Asle Solberg i SAS Elektroservice har med seg skulegut Sondre Lehrmann i desse dagar. - Eg valte å bli elektrikar fordi eg synest faget er interessant, seier Lehrmann.

Dei grøne elektrikarane

- Vi har tru på ei elektrisk framtid. Vi er opptekne av å verna om miljøet, seier Erik Senneset.

På nyåret starta Senneset SAS Elektroservice AS saman med Daniel Amundsen og Per Asle Solberg. Dei to førstnemde køyrer el-bil privat.

- Eg jobbar med å overtala min betre halvdel til å kjøpa el-bil, seier Solberg og smiler.

Artikkelen held fram under annonsen.

Førebels er ikkje firmabilane elektriske.

- Dei er neste steg. Vi ventar berre på at det skal koma bilar med betre rekkjevidde, seier Senneset.

Snart skal elektrikarane byggja på den grøne profilen sin.

- Ja, det er ikkje utan grunn at vi har valt grøn tekst på firmaet. Vi skal starta opp med solceller, så snart er det avgarde på kurs i Østfold, seier Senneset.

- Framleis ein del el-bil-hatarar

Firmaet har Os og Bergen som arbeidsområde. Dei første månadene i nytt firma har gått bra.

- Vi har hatt jobb. Nyleg tilsette vi tre mann til. Det hadde vi ikkje gjort om det ikkje gjekk bra, seier Senneset og smiler.

- Det er tøff konkurranse i marknaden. Det er viktig å finna sine nisjar og vera i forkant, seier Solberg.

Det meiner dei at dei har klart. Senneset og Amundsen jobba tidlegare i eit selskap som hadde Tesla som kunde då dei kom til Noreg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi har hatt mange jobbar med å installera ladestasjonar. I eit burettslag kan det vera eit problem, der det gjerne er nokre som er for og nokre som er i mot. Då er det berre til å finna gode løysingar, seier Senneset og held fram:

- Det verkar som at det framleis er ein del el-bil-hatarar der ute. Ein ser det fort om ein les artiklar på nettavisene og scrollar gjennom kommentarane. Eg trur at om ti år vil vi sjå langt færre nye bensinbilar, og mange fleire el-bilar.

Spesialistar på gamle sikringsskap

Elektrikarane har ein variert kvardag, med mange ulike oppgåver. Dei gror heller ikkje fast på store prosjekt. Det tek dei ikkje på seg grunna kapasitet.

- Vi har jobbar knytt til nybygg og rehabilitering, både for private og bedrifter, seier Senneset og legg til:

- Og så er vi glade for at mange framleis har gamle sikringsskap med skrusikringar. Det er faktisk overraskande mange som har det, og det er rart når vi er komne til 2016. Her reknar vi oss for å vera spesialistar, seier Senneset.

Lærlingen som møter til avtalt tid

Då vi trefte elektrikarane onsdag, hadde dei med seg ein skuleelev, Sondre Lehrmann. Han har vore utplassert i firmaet sidan februar, og er snart ferdig med skulegangen før han skal ut i to og eit halvt år med læretid.

- Eg har valt å bli elektrikar fordi eg synest faget er interessant, og eg trivst godt i firmaet.

- Sondre har klart seg veldig godt. Han er ein hyggeleg kar som møter til avtalt tid, seier Solberg.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi rekrutterer ikkje lærlingar for å få lærlingtilskot. Det skal koma ein god montør ut i andre enden. Det trur vi Sondre vil bli, seier Senneset.