Straum: Lag og organisasjonar kan no søkja støtte for andre kvartal.

Dei høge straumprisane held fram. No kan lag og organisasjonar søkja støtte via kommunen.

Men ideelle organisasjonar som driv barnehagar, barnevern, skular, omsorgsbustader og anna helsetilbod får ikkje lengre straumtilskot frå ordninga.

På same måten som for første kvartal, kan frivillige lag og organisasjonar igjen søkja om tilskot til utgifter som følgje av dei ekstraordinære straumprisane.

Det skriv Bjørnafjorden kommune på si heimeside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Straumstøtta er ei statleg tilskotsordning, og vilkåra for støtte er fastsette av staten. Bjørnafjorden kommune behandlar søknadane og står for utbetalinga.

Straumstøtteordninga gjeld for organisasjonar med straumforbruk med ein månadleg gjennomsnittspris på over 70 øre per kWt i søknadsperioden.

Støtta er rekna ut basert på dokumentert straumforbruk. Mottakarar får dekt 80 prosent av prisforskjellen mellom 70 øre per kWt og den månadlege gjennomsnittsprisen i den aktuelle perioden.

Ei viktig endring gjeld straumforbruk knytt til utføring av offentleg lovpålagde oppgåver på oppdrag frå stat, fylkeskommune eller kommune.

Ideelle organisasjonar som driv barnehagar, barnevern, skular, omsorgsbustader og anna helsetilbod får ikkje lengre straumtilskot gjennom denne ordninga.

Tilskota vil bli utbetalte så raskt som råd etter at søknadane er behandla og vedtak er gjort.