Ulukke: Ein ti år gamal gut blei sett til av helsepersonell etter eit samanstøyt med ein bil laurdag ettermiddag. Ulukka fann stad i nærleiken av Ravneberghaugen.

— Dei involverte var litt i sjokk etter hendinga

Politiet har tatt beslag i førarkortet til sjåføren som kolliderte med ein tiåring på sykkel laurdag.

Ulukka skjedde i 14-tida laurdag i Hagavik-området.

— Kven som køyrde på kven, er litt uklart. Politiet har oppretta sak. Bilførar er meldt for brot på vegtrafikklova §3, fortel politioverbetjent, Christine Grindstein.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
10 år gamal gut på sykkel påkøyrt av bil

Vegtrafikklova § 3 seier at ein skal ferdast aktsam og varsamt slik at det ikkje kan oppstå fare, skada andre, eller vera til hinder.

— Saka skal vurderast av jurist innan kort tid. Det er ein mjuk trafikant involvert, og stadsforhold som gjer at ein må vera merksam og ta omsyn til dei bevegelsar som er kring seg i eit slikt område. Difor ventar vi ny vurdering frå jurist, seier Grindstein.

— Korleis står det til med dei involverte?

— Etter forholda, står det fint til. Dei involverte var litt i sjokk etter hendinga. Frontruta på bilen knuste. Guten blei sett til på staden og dimittert av helsepersonell.