Hentar inn informasjon: – Skulane har no frist til i morgon føremiddag med å henta inn informasjon og melda attende talet personar som kan vera aktuelle for eit slikt tilbod.

Dei med samfunnskritiske funksjonar vil få tilbod om skule og barnehage

Kommunen har starta kartlegging av tal born som har føresette med samfunnskritiske funksjonar.

Torsdag ettermiddag sende kommunen ut kartleggingsskjema til alle skular og barnehagar i Bjørnafjorden kommune for å rapportera tal born med føresette med samfunnskritiske funksjonar.

Målet er å få oversikt over kven som har rett på eit omsorgstilbod i perioden der skular og barnehagar i utgangspunktet er stengde. Det same tilbodet gjeld også for born med særlege omsorgsbehov som ikkje kan ivaretakast når barnehage, skule eller andre dagtilbod er stengde.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eit beredskapsutval har slått fast at følgjande 15 funksjonar er kritiske for samfunnet:

Styring og kriseleiing

Forsvar

Lov og orden

Helse og omsorg

Redningsteneste

IKT-sikkerhet i sivil sektor

Natur og miljø

Artikkelen held fram under annonsen.

Forsyningssikkerheit

Vatn og avløp

Finansielle tenester

Kraftforsyning

Elektroniske kommunikasjonstenester

Transport

Satellittbaserte tenester

Apotek

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det er ein god del yrke som vil få tilbod om skule og barnehageplass, konstaterer kommunedirektør Christian Fotland og held fram:

– Skulane har no frist til i morgon føremiddag med å henta inn informasjon og melda attende talet personar som kan vera aktuelle for eit slikt tilbod. Vil vi så vurdera kva skular og barnehagar som frå måndag skal opnast for denne kategorien.

Fotland presiserer at det er frivillig for aktuelle foreldre om dei vil nytta seg av dette.

– Dersom det er rom for at den andre parten kan vera heime, så kan ein velja å takka nei til tilbodet.

3-4 i lag

Oppmodinga til foreldre som skal vera heime med borna, er at ein er medviten på ikkje å opna for at for mange born er i lag.

– Me må vedgå at me er litt uroa for at ein vil la borna gå i lag i større forsamlingar og møtest på stader der fleire er samla. Me vil oppmoda om at ein avgrensar dette og tenkjer smittevern når born og ungdom ferdast ute. Me meiner 3-4 er eit greit tak. Om ein er fleire i lag enn det, bør ein vera medviten på å ha éin meter avstand. Dette er viktig, slik at ikkje litt av hensikta med å stengja skular og barnehagar forsvinn.

Pubar og utestader stengde

Kommunedirektøren presiserer samstundes kva som er status for restaurantar, barar, pubar og utestader.

– Restaurantar kan halda ope, men då med nokre klare retningsliner: At det er rom for éin meter radius mellom gjestene, og at det utelukkande vert servert mat personleg ved borda, og ikkje buffet og handplukka mat, seier Fotland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Barar, pubar og nattklubbar skal halda stengd.