Dyr køyretur: Det vart ein kostbar køyretur for den kvinnelege sjåføren.

Dei nye gebyrsatsane for mobilbruk har kravd sitt fyrste «offer» i Os

Ein kvinneleg sjåfør må ut med 7.450 kroner for kombinasjonen mobil og bilkøyring.

Laurdag i 15-tida vart ein ein kvinnelig bilførar ilagd eit forenkla førelegg for bruk av mobiltelefon.

Satsen for dette er no heva til kr. 7.450 pluss tre prikkar på førarkortet. Tidlegare kosta dette 5.000 kr + tre prikkar på førarkortet.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ungdomsfest

Seinare same dag, kring klokka 22, fekk politiet melding om ordensforstyrring og berusa personar i Os sentrum.

Det hang saman med ein ungdomsfest i eit lokale i sentrum, og politipatruljen var på staden for å førebyggja.