Dei rikaste årskulla

Kva årskull i Os og Fusa er det som dreg inn mest pengar? Fredag blei skattelistene gjort tilgjengelege for søk.

På skattelistene kan ein sjå kven som tenar mest, skattar mest og kven som har høgast formue. Ein kan også sjå kva årskull som er rikast. I Os er det dei fødd i 1950, som Åge Verner Valen (10.plass på inntektstoppen) og Kåre Røttingen (19. plass). I Fusa er det Mikal Leiglands årskull, 1961, som er rikast. Leigland ligg på 3. plass på inntektstoppen. Rett bak han, kjem Håkon Kristian Tombre, også han fødd i 1961.

Høgast formue i Fusa:

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Håkon Kristian Tombre: 104.605.270

2. Mikal Leigland: 82.874.551

3 Knut Frode Eide: 55.489.361

Desse betalar mest skatt i Fusa:

1. Knut Frode Eide: 12.727.993

2. Mikal Leigland: 2.794.490

3. Håkon Kristian Tombre: 2.508.206

Høgast formue i Os:

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Espen Aspenes: 188.613.363

2. Knut Jarle Aspenes: 178.169.416

3. Pernille Schau-Larsen: 139.980.069

Desse betalar mest skatt i Os:

1. Frode Asphaug Søviknes: 4.541.085

2. Sindre Søndenå Andersen: 3.986.372

3. Synnøve Mariann Årseth: 3.910.052