Ikkje sommardekk-føre: Kanskje ikkje så lurt å køyra med sommardekk i dag.

– Dei som fekk vårkjensla i helga, og byta til sommardekk, bør gjerne haika med naboen

Dette har skjedd i natt.

Måndag blei etter kvart ein fin dag med sol og opphaldsvêr. For mange var det nok difor gjerne eit sjokk å vakna til ein god del snø på bakken tysdag.

Snø i april: Det var ikkje berre litt, heller.

Vest politidistrikt har vore ute på Twitter og kvitra om snøen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har snødd i natt og vi minnar om at ein skal vera skodd etter forhoolda. Om du fekk vårkjensle i helga og sette sommardekk på bilen, bør du nok reisa kollektivt eller haika med naboen som framleis har vinterdekk. Og hugs at de må kosta godt av bilen før de køyrer.

Det ser ut til å bli strålande sol og nokre plussgrader ut på dagen tysdag.