Kommuneoverlege: Klaus Melf var sjølv blant dei som hadde vinterferie sist veke. No oppfordrar han dei spesielt dei som har vore på plassar med utbrot til å vera på vakt.

— Dei som har vore på ferie bør ha låg terskel for å testa seg

I Bergen vert alle som har vore på vinterferie tilrådd å testa seg. I Bjørnafjorden kommune er rådet at dei som har vore på feire må bruka sunt bondevit.

Over det ganske land stig koronasmitten og i etterkant av vinterferien, er Bjørnafjorden kommune førebudd på at smitten kan auka ytterlegare. Likevel gjer dei ikkje som i Bergen, der dei tilrår alle som har vore på vinterferie om å testa seg.

— Nei, me vil ikkje det. Me tenkjer at det vil vera eit unødig stort tiltak, og at det ville utfordra oss på kapasiteten ved teststasjonane. Men, me appellerer til at folk skal bruka sunt bondevit, og at dei som er komne heim frå ferie har låg terskel for å gå og testa seg, seier kommuneoverlege Klaus Melf.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Kva meiner du konkret dei må vera merksame på?

— Alle som har symptom på sjukdom skal testa seg. Men dei som har vore på ferie, skal vera ekstra merksame. Og har dei vore i eit område der det har vore utbrot, så skal terskelen vera låg for å gå å testa seg, seier Melf.

Regjeringa innførte ikkje nye tiltak tysdag, men vil sjå an korleis kommunane handterer smittesituasjonen og varslar sterkt inngripande tiltak over heile landet dersom dei nåverande tiltaka ikkje har effekt.

– Eg ber alle om å førebu seg, sa statsminister Erna Solberg på ein pressekonferanse i føremiddag.

Klaus Melf opplyser at kommunen vil koma attende med meir informasjon seinare i dag om korleis Bjørnafjorden vil forholda seg til regjeringas oppdatering i dag.

Dette kan bli dei nye nasjonale tiltaka:

Tilrådinga om éin meters avstand vert utvida til to meter

Folk kan ha maks 10 private kontaktar per veke

Artikkelen held fram under annonsen.

Maks 20 personar på innandørs arrangement med faste plassar

Maks 50 personar i gravferder

Maks 50 personar på utandørs arrangement

Forbod mot innandørs fritidsaktivitetar for vaksne

Treningshallar og svømmehallar blir stengde, med unntak for organisert trening

Nasjonalt skjenkeforbod

Stenging av underhaldningstilbod som fornøyelsesparkar, bingohallar og liknande

Påbod om hjemmekontor

Artikkelen held fram under annonsen.

Dersom denne tiltakspakken heller ikkje har effekt, vil regjeringen vurdera å tilrå at:

Ingen tar i mot besøk i heimen i to veker

Alle arrangement må utsetjast

Raudt nivå i ungdomsskular og vidaregåande skular

Digital undervisning på universitet og høgskular.

Raudt nivå i barnehagar og barneskular i kommunar med høgt smittetrykk