Ihuga: Denne konfirmanten var ihuga Rolling Stones-fan.

Denne karen ville bli som sin far

– Dressen var nok litt posh for å vera på bondelandet i 1985.

I miniserien Konfirmanten mimrar bjørnafjordingar om 'dagen dei vart vaksen'. Klas Færøvik er denne rundens gjest.

Namn: Klas Færøvik

Artikkelen held fram under annonsen.

Alder: 54

Yrke: Eigedomsutviklar

Buplass: Askvik

1. Når vart du konfirmert?

– I 1985

2. Kan du beskriva antrekket du hadde på deg?

– Dressen var nok ganske Posh for å vera på bondelandet i 1985.

3. Kva brukte du konfepengane til?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg sparte dei.

4. Kva var favorittmusikken din den gong?

– Eg var ihuga Rolling Stones-fan.

5. Kven var du forelska i?

– Eg trur det var i Hege Nybø eller Monica Nord, visst eg husker rett. Det kan vera eg bommer stygt her. Alternativet er Linda Johansen (LEK-Linda) som på det tidspunktet var Norges einaste nakenmodell.

6. Kven hadde du bilete av på veggen?

– Mick Jagger.

7. Kva drøymde du om å bli?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Som min far

8. Hadde du nokre tenåringskompleks?

– Nei.

9. Kva var det mest rampete du gjorde?

– Det var mye, så eg tør ikkje ta noko frå topp-10-lista.

10. Om du kunne sagt noko til 14 år gamle deg no, kva ville det ha vore?

– Ta det litt roleg framover og ikkje slutt med idrett.